Amalie og Camilla tok utfordringa på strak arm

Tysdag fekk Amalie Fure og Camilla Vik Liseth frå Selje spørsmålet om dei ville vere konferansierar for UKM i Operahuset Nordfjord. Laurdag stod dei på scena og presenterte alle dei unge håpefulle som viste fram kunstane sine.

UKM gjer at unge får god erfaring med å stå på scena.

Amalie Fure (14), konferansier på UKM
Kultur

– Eg var veldig nervøs då eg fekk spørsmålet. Det kom som eit sjokk, og det var litt nervepirrande. Men så begynte eg å gle meg meir og meir utover veka, og det blei jo heilt fantastisk, seier Amalie Fure (14) frå Selje.


Sjå bilda frå UKM i Operahuset

UKM for Selje, Eid og Gloppen gjekk føre seg i Operahuset Nordfjord laurdag kveld.

 

– All erfaring er god erfaring, og det er alltid interessant å prøve nye ting, smiler ho, og legg til at ho var glad for å få med seg venninna Camilla Vik Liseth til jobben med å presenterte alle dei 17 sceneinnslagenene på Ung Kultur Møtest (UKM) for Eid, Selje og Gloppen i Operahuset Nordfjord laurdag.