Baud på ein musikalsk heilaftan

Laurdag inviterte Silisium Vokal til musikalsk aftan med fullt band og gjesteartist Jostein Hasselgård.
Kultur

Silisium vokal har berre sunge i lag i to år, men har allereie fått eit velfortent kvalitetsstempel som gjer at folk kjem for å høyre. I fjor vår var dei ni damene, som alle er heimehøyrande i Bremanger kommune, i Bergen. Då vart dei godt kjent med instruktør, musikar, songar og komponist Jostein Hasselgård. I 2003 tok han Norge til 4.-plass i den europeiske finalen i Melodi Grand Prix i Riga. Melodien I aint afraid to move on vart også avslutningsnummeret på konserten i Svelgen etter ståande applaus.