Tre nye namn klare til Malakoff

«Nye Highasakite», dansk black metal-sensasjon og landets deiligaste band besøker Malakoff til sommaren, skriv Malakoff Rockfestival i ei pressemelding.

The Dogs returnerer til Eid og Malakoff Rockfestival i sommar. Arkivfoto: Benedikte Flataker 

Kultur

Etter ein turbulent periode er «nye Highasakite» tilbake med eit brak! Ein ny og spektakulær liveproduksjon står klar, og med eit utruleg fint nytt album i sekken inntek dei den store Malakoffscena for fyrste gang.

– Konserten Highasakite hadde i amfiet i 2014 står fram som ein av dei aller sterkaste opplevingane vi har hatt på dei 17 åra vi har arrangert Malakoff. No kjem dei attende som eit revitalisert band med ei fantastisk fin ny plate og mange strålande gamle hits i sekken, seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

I tillegg får festivalen på Nordfjordeid besøk av mystiske og majestetiske Myrkur.

– Det er eit stemningsfullt einpersonsprosjekt beståande av den danske songwriteren, songaren og multi-instrumentalisten Amalie Bruun. Siste tilskuddet på Malakoff-lineupen er dei folkekjære punk-rockarane i The Dogs. Dei tek med seg ny deilig musikk, sin særeigne sound og enorme speleglede til Malakoff19, heiter det i pressemeldinga.

Malakoff Rockfestival går føre seg 18. - 20. juli 2019, og festivalen melder no om at dei har slept 11 av dei totalt 28 artistane til festivalplakaten.

Frå før er det kjent at Weezer, Bastille, Sigid, Madrugada, Bigbang, Danko Jones, Slaves og Djerv er klare til sommarens høgdepunkt i Eid.