Her blir det ei god blanding av romansar, slåsting og drama

Eid vidaregåande skule set opp ein ekte westernklassikar som skulemusikal. Premieren er torsdag 28. februar i Operahuset Nordfjord.

Ingeborg Myklebust og Peder Lillestøl Naustdal speler hovudrollene i musikalen Oklahoma som har premiere torsdag 28. februar i Operahuset Nordfjord. Pressefoto 

Kultur

Handlinga utspeler seg i Oklahoma, USA i 1906.

– Cowboyen Curly er forelska i den vakre Laurey som bur med tanta si, Eller. Den litt skumle gardsguten Jud er også forelska i Laurey. Både Curly og Jud vil ta ho med på dansen om kvelden, og her oppstår det sterke følelsar. Samtidig føregår det fleire romansar, det blir slåsting, dans, gevær, forvirring, pengeproblem og drama, skriv Operahuset Nordfjord på sine nettsider.


Feirer jubileumsåret med store opplevingar

Operahuset Nordfjord fyller ti år i 2019. Jubileumsfeiringa skal skje heile året, og startar med Alexx Alexxander 12. januar. Så går det slag i slag med varierte arrangement for store og små.

 

Musikalen er ein skikkeleg klassikar, og kjende songar er Oh, What a Beautiful Mornin og Oklahoma.

Musikalen er skrive av radarparet Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II og vart første gong sett opp på Broadway i 1943 og seinare filmatisert i 1955.

Øvingane har vore i gong lenge, og hovudrollene som Curly og Laurey blir spelt av Peder Lillestøl Naustdal og Ingeborg Myklebust.


Endra hovudrolla frå mann til kvinne for Ive (18)

Hovudrolla i Hair har alltid vore ein mann, George Berger. Dette var heilt til Firda gymnas skulle sette opp musikalen og regissørane fekk høyre Ive van Oorschot.