36 påmelde til UKM i Bremanger

Laurdag 2. mars er det klart for Ung Kultur Møtast, altså UKM-mønstring i Bremanger. Arrangementet skal denne gongen gå av stabelen i Svelgen samfunnshus.

I fjor: UKM Bremanger arrangerast i Svelgen samfunnshus. Bildet er frå i fjor, i Kulturhuset Heimen. Foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Det er 36 påmelde til den lokale UKM-mønstringa i Bremanger fordelt på 24 innslag.

Flest har meldt seg på med sceneinnslag, men der er også fleire som har meldt seg på med ulike kunstuttrykk, til utstillinga.

– Her kan du vise fram det du brenn for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er song, fotokunst, cosplay eller moderne dans, står det å lese på UKM sine nettsider for Bremanger.