Strålte på UKM-scena

61 deltakarar bidrog til ei flott kommunemønstring i Vågsøy.
Kultur

Dei 61 UKM-deltakarane fordelte seg på 14 sceneinnslag og 11 kunstbidrag, og publikum fekk sjå og høyre ungdomane framføre song, dans og pianostykker. På utstillinga var det både måleri, teikningar, strikka plagg og ein tryllestav lagd av ei øydelagd bilantenne.