Måløy musikklag lovar ei oppleving frå øvste hylle

Kjell Gunnar Tennebø fortel at det framleis er nokre ledige billettar igjen til årets dansegalla «A beautiful day» i Nordfjordhallen laurdag.

Måløy musikklag står på med øvingar heilt fram til laurdag, før det brakar laust med «A beautiful day» laurdag kveld i Nordfjordhallen. Etter musikklaget går Pink Six på scena. – Vi viser kva ein kan klare å få til lokalt. Vi har enormt mange flinke folk – songarar og musikarar, seier Kjell Gunnar Tennebø. Arkivfoto: Bjørn Erik Drabløs  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

– Det er berre å hive seg rundt. Dette blir kjekt, seier han.

Laurdag diskar Måløy Musikklag opp med den 28. dansegallaen i rekka, og for dei som aldri har vore på showet, lovar Tennebø ei «kanonbra oppleving»:

– Det er utruleg mange flinke songarar og musikarar i denne kommunen her, og med den atmosfæren vil det bli ei oppleving frå øvste hylle. Solistane har lagt seg i selen, drilla og øvd. Kanskje blir det nokre dansetrinn frå dei i lag med danseensemblet. Vi brukar ressursar på lyd, lys og scenerigg, slik at det ikkje berre blir ein god følelse for øyra, men også visuelt. Vi har også fått skryt for maten, som er havets festbord. Det er ein innertiar, seier Tennebø, som også gler seg til aktuelle Pink Six tek over etter musikklaget sitt show.

– Med våre eigen Annette Myre Silden som skal synge og ha dansedelen. Dei har kome ut med mange songar og det er vi veldig spent på!