Rosar musikklag og «veteranar» etter debuten

– Eg vart litt trist med ein gong det var over, seier Tone Hessevik (17) frå Bryggja. Laurdag var ho Måløy Musikklag sin yngste solist under årets dansegalla Beautiful Day.

Debutantanen Tone Hessevik og Håkon Kongshaug var imponerte over både Gro Haugen (bildet), alle dei andre solistane og profesjonaliteten til Måløy Musikklag, band og dansarar etter konserten. I alt var femti personar i sving på scena. Alle foto: Julianne Flølo 

Håkon Kongshaug og Tone Hessevik var to av solistane under laurdagens dansegalla. Det var første gong for begge. 

Tone Hessevik og Sonja Ellefsen framførte «All about the bass». – Det er tryggande å synge med nokon som har gjort det så mange gongar, seier Hessevik. 

Gunnar Domstein og Stian Hjelle har vore med på dansegallaen fleire gongar, og fekk nok ein gong ståande applaus for sin duett. 

Paul-Inge Angelshaug og Randi Melheim laga show på scena under «Movin Time». 

Kultur

Ho stod på scena under dansegallaen for første gong, og hadde berre lovord å kome med om opplevinga.

– Det var utruleg kjekt! smiler ho etter showet.

Hessevik fortel at ho ønsker å leve av musikken, og trekk fram dansegallaen som ein god arena å starte på.

– Ein får vise seg fram, og det å få synge med eit heilt musikklag i ryggen gjer at eg tør å by meir på meg sjølv, seier ho.

Solisten var i aksjon tre gongar, og i tillegg til å synge aleine hadde ho også to duettar, saman med Sonja Ellefsen og Annette Myre Silden.

– Det er utruleg kjekt å få synge med folk som har gjort dette mange gongar før og som er så flinke, påpeiker ho.

Hessevik får støtte frå Håkon Kongshaug (20) frå Måløy, som også var med på dansegallaen for første gong.

– Det å få opptre her er noko heilt anna enn til dømes på telt-arrangement. Det er meir klasse over dansegallaen, og i tillegg er det meir trykk med betre anlegg, forklarer han.

Både Hessevik og Kongshaug fortel at dei fekk god respons på det dei leverte frå scena.

– Applausen tala vel eigentleg for seg, men det var veldig kjekt å komme inn til publikum etterpå og få gode ord og klemmar, seier dei.

Begge er einige om at dette er erfaring dei veks på.

– Vi har allereie takka ja til å vere med neste år dersom vi får lov! smiler dei.




Vil løfte fram dei unge

Arve Hjelle i Måløy Musikklag fortel at det er viktig for dei å trekke fram unge, lokale talent.

– Vi er alltid på jakt etter yngre folk som vil vere med, og håpar dette er ein arena der dei kan få utvikle seg, fortel han, og rosar samtidig dei to yngste som stod på scena i dag.

– Både Tone og Håkon gjorde ein fantastisk jobb. Det er utruleg kjekt å sjå at dei får det til, smiler han.

I alt var 50 personar i sving på scena, inkludert musikklaget, solistar og dansarar.

– Det ligg enormt med arbeid bak arrangementet, og då er det utruleg kjekt når resultatet blir så bra, fortel han.

Tema for dei valde songane på årets program var kjærleik, noko som vart varmt mottatt hos publikum.

– At vi klarer å selje ut alle billettane og få slik overveldande respons undervegs er veldig stort for oss, seier Hjelle, og trekk samtidig fram Per Amundsen frå Oslo som viktig for kvaliteten på showet.

– Han er kapellmeister for Elvisfestivalen og har arrangert dei fleste numra for oss. Han er unik i sin bransje, forklarar han.

I løpet av kvelden fekk publikum også sjå og høyre både Stian Hjelle, Gunnar Domstein, Paul-Inge Angelshaug, Gro Haugen og Randi Melheim på scena, og ikkje minst eit musikklag i storform.

– Eg har gåsehud endå, sa ein publikummarane til Fjordenes Tidende etter showet.

Har knekt koden

Hjelle meiner det er fleire ting som har gjort sitt for at gallaen no har blitt arrangert i 28 år.

– Dette er jo eit litt anna konsept enn til dømes telt-arrangementa. Ein kan kle seg fint opp og nyte god mat og underhaldning. Eg veit om fleire som har denne kvelden som omtrent den einaste i året der dei går ut på «byen», poengterer han, og legg til at det spesielt kjekt at aldersspennet i publikum no er større.

– Det er utruleg kjekt å sjå yngre folk i publikum. Fleire av dei unge seier dette er årets høgdepunkt, og det er utan tvil eit veldig stort kompliment for oss.

I år blir musikklaget også å sjå laurdagen under Måløydagene.

– No er vi litt utslitne, men heldigvis tek det berre to veker å lade batteria, så er vi klare til å øve igjen! smiler Hjelle.

Sjå alle bilda frå Beautiful Day på fjt.no.