Ønskjer alle velkommen til barnefestival

Skal underhalde: Sirkuslinja frå Fjordane folkehøgskule er blant underhaldarane. Her frå Kulturnatt i Eid i fjor. Foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– KFUK KFUM Sogn og Fjordane ønskjer alle barn og barnekor velkomne til barnefestivalen 2019 i Operahuset Nordfjord laurdag.

– Det blir musikalske sprell med Team Sulebakk, Gutta og Serlina i tillegg til sirkus. Anna, Sindre og Vaarin frå Fjordane folkehøgskule viser først ei forrykande sirkusforestilling full av magi, akrobatikk, imponerande rockeringartisteri og sjongleringskunstar. Etter førestillinga kan små og store få prøve seg som sirkusartistar! skriv arrangørane.

Dei fristar også med aktivitetar som hobbyverkstad, lykkehjulsnurring, ansiktsmåling, ballongklovnerier og meir i foajeen og tilstøytande rom. Det vil også vere kafé der ein kan kjøpe enkel mat, kaker, kaffi, drikke og litt snop. Festivalen, som går av stabelen laurdag 16. mars, er open for alle barn og familiar.