Dette teamet skal gjere operadraumen verkeleg

Opera Nordfjord har solistlaget klart til operaen Hans og Grete til hausten. Oppe frå venstre: Marika Schultze, Vibeke Kristensen, Trond Halstein Moe, nede frå venstre: Siv Oda Hagerupsen, David Fielder og Elisabeth Gimmestad  Foto: Pressefoto

Kultur

Det har vore ein draum i mange år for Opera Nordfjord å setje opp operaen Hans og Grete av Engelbert Humperdinck. Til hausten skjer det, og no er solistlaget klart.

– Endeleg skal Opera Nordfjord fortelje det kjende eventyret av Brødrene Grimm, tonesett av storslagen, vakker musikk, wagnersk i tonespråket, skriv Opera Nordfjord i ei pressemelding.

Hans vert sunge av svenske Marika Schultze, som i vår vert uteksaminert frå operahøgskolen i Oslo. Vibeke Kristensen, kjend for det lokale publikum frå Flaggermusen, Tryllefløyten og Jegerbruden, skal synge rolla som Grete.

– Det er ei glede å presentere ei blanding av veletablerte solistar med ei lang merittliste bak seg og nyutdanna songarar, som er i starten av operakarrieren, konstaterer Opera Nordfjord. 

Trond Halstein Moe, som har eit heilt arbeidsliv frå Den Norske Opera & Ballett bak seg, skal tolke rolla som Faren (Peter). Han har tidlegare gjort roller for Opera Nordfjord i Madama Butterfly, Opera i kyrkja og Hoffmanns Eventyr.



Siv Oda Hagerupsen har gjesta Opera Nordfjord ved fleire høve, både i Figaros Bryllup, Eugene Onegin, Maskeballet og Hoffmanns Eventyr og skal synge rolla som Mora (Gertrud).

Heksa vert spelt av den svenske tenoren David Fielder, som gjestar Nordfjord for aller første gong.

– Det er ei ekstra stor glede å presentere ein av «våre eigne» songarar, nemleg sopranen Elisabeth Gimmestad, som kjem frå Sandane. Ho har Master i song frå Norges Musikkhøgskole og gjorde rolla som Ida i Flaggermusen for Opera Nordfjord i 2013. I Hans og Grete skal ho synge rollene som Jon Blund og Duggfé.

Opera Nordfjord fortel at sjølv om Hans og Grete er basert på det kjende eventyret som vi alle las som born, er det ein «vaksen», fullscenisk opera, som passar både for det tradisjonelle operapublikumet og for born og unge frå skulealder og oppover.

Billettsalet er allerie i gong, og premieren er onsdag 2. oktober. Det vert spelt i alt åtte framsyningar, med siste framsyning laurdag 12. oktober.


«Hjemmesnekret» opera trakk fulle hus

Opera Nordfjords storsatsing «Sildagapet» har solgt til fulle hus.

 

– Det kunstnariske teamet er allereie i gong med planlegging av regi, scenografi, kostyme, lyssetting og maskearbeid.

Amerikanske Jeff Pedersen, busett i Stongfjorden i Sunnfjord, skal ha regien, og han gler seg til å gjere sin aller første opera. Åse Hegrenes er kjend for Opera Nordfjord frå både Flaggermusen og Sildagapet og skal ha ansvar for både scenografi og kostymedesign.

Marianne Wedseth skal ha lysdesign og har ei lang og aktiv karriere bak seg frå mange profesjonelle teaterscener. Ingunn Schumann Mosand er tilbake som maskør etter La Bohéme i fjor haust.


La Bohème:

Lokale born lyste blant operastjernene

Dei 18 borna i barnekoret sjarmerte under årets hovudoppsetting på Opera Nordfjord. – Veldig moro, men varmt! seier dei etter premieren onsdag kveld.

 

Candice Bredesen skal ha koreografiansvar for den kjende ballettscena, og Michael Pavelich har som vanleg det musikalske ansvaret.

– I år er det aller første gong at det faste operakoret ikkje får vere med, sidan det kun er born og unge med i både balletten og koret. Det vert valt ut songarar og dansarar frå det lokale song- og dansemiljøet, og øvingane startar i mai-juni, opplyser Opera Nordfjord.