Plakaten til årets Malakoff er fullstendig

Gode på konsert: Malakoff bidrar til å løfte Eid på kulturindeksen. I kategorien konserten er kommunen på 26. plass i Norge. Arkivfoto  Foto: Bj‡¶rn Erik Drabl‡¶s

Kultur

Kvelertak, Graveyard, The Needs, The New Death Cult og Romskip er dei siste fem banda som får pryde årets plakat til Malakoff Rockfestival som går av stabelen 18.-20. juli.

–  Dei representerer ei superfin breidde i rockesjangeren og kompletterer årets Malakofflineup, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Kvelertak med ny vokalist skal sjølvsagt spele på Malakoff, heiter det i pressemeldinga frå festivalen.

– Når vi i tillegg har fått på plass fabelaktige Garveyard, det nye superbandet The Needs der medlemmer frå  Kvelertak, Honningbarna, Olso Ess og Bendik Brenne har slått seg samen, det mystiske The New Death Cult og det beste frå Bergen Rock City - Romskip, så er dette eit solid punktum for årets Malakoffprogram.

Festivalsjefen er svært nøgd:

–  Vi er ekstremt opptatt av å gje publikum ekstra gode liveopplevingar, og booke eit program som skal ha hovudvekt på rock men samtidig ha noko for alle i alle aldrar og musikkpreferansar. Det meiner vi at vi til dei grader klart i år, seier Naustdal.

Festivalplakaten er han svært stolt over:

Vi er ekstremt stolte av årets plakat! Den gjev retning for framtida til festivalen. Det er få små bygder som får besøk av Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Kvelertak, Bigbang, The Vaccines, Graveyard m.fl på ei helg, fortel Naustdal vidare.

Malakoff har vore utsolgt dei tre siste åra.

– Og slik det ser ut no så er det ikkje om, men når, ein vert utsolgt i 2019, smiler Naustdal.

Malakoff vert arrangert på Nordfjordeid 18.-20. juli og får besøk av internasjonale og nasjonale artistar som  Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Highasakite, Bigbang, Danko Jones, i tillegg til mange fleire.