Arrangerer marknadsdag palmelaurdag

Hakallestranda Utvikling arrangerer ny marknadsdag. Bildet er frå ein marknadsdag for nokre år tilbake. 

Kultur

Palmelaurdag 13. april er Hakallestranda Utvikling klar for ny marknadsdag på Hakallegarden.

– På Hakalle Strandhus får du kjøpt rømmegraut, og oppe i grindløda kaffi og kaker. Ute blir det ulike aktivitetar for liten og stor. Vi er også så heldige at brannbilen køyrer tur med ungane. Nede i grindløda vil det bli ein rein marknad med eit breitt spekter av standar. Her kan du også prøve lykka på lykkehjulet. I år kan vi også skilte med at brannbamsen Bjørnis kjem, han held show i lag med Leikarringen og brannkonstablane. Det vert også mannekengshow frå Occo Paris. Ta med deg dei du er glad i, godt humør og nyt ein triveleg og innhaldsrik dag på Hakallestranda. Inntekta denne dagen går til gatelys i bygda, skriv utviklingslaget i ei pressemelding.