Grendehuset tar revyen heilt ut «I grenseland»

Stiller med revy: Bryggja grendahus set opp revy i påska. Den er kalla «I grenseland» og her spøker ein med både kommunesamanslåing og lokale «kjendisar». Foto: privat 

Kultur

Bryggja grendahus set opp revy i påska. Onsdag 17. april kan publikum få oppleve revyen «I grenseland» der fokuset ligg nettopp på det.

– Revyen måtte heite det når vi vert i grenseland, skriv styret for grendahuset i ei pressemelding.

Dei fortel også at det vert ein variert revy.

– Her vert det sketsjar, songar, monologar og spark i aust og vest.

Dei to nye kommunane Kinn og Stad kjem til å vere heite tema under revyen.

– Og kanskje kjem det ein distriktspsykopat også!

Styret fortel at det vil dukke opp både kjende, mindre kjende og superkjende folk som har teke turen heilt til Bryggja for å vere med i revyen.

Etter revyen er ferdig speler trubadur Bjarne Lunde opp til dans i grendahuset.

– Styret for Bryggja grendahus ønskjer alle velkommen til ein morosam kveld. Vel møtt!