Fort sagt:

Pink Six gir ut første plate

Til påske kjem duoen Pink Six beståande av Annette Myre Silden og Bjørn Engelbrektsson med si første plate Den første etter eitt år saman som gruppe. Foto: Erik E. Steenslid  Foto: Per-Erik E. Steenslid Steenslid

Kultur

Namn: Bjørn Engelbrektsson

Alder: 54

Adresse: Nordfjordeid

Sivilstatus: godt gift

Yrke: eventmaker og musikar

Hobby: båt og fiske

Aktuell med: del av duoen Pink Six saman med Annette Myre Silden som til påske gir ut si første plate.


– Kvifor fekk de lyst å gi ut plate?

– Fordi samarbeidet fungerer så godt mellom oss, både musikksmaken og stemmene passar saman. Og så er det dette med å ha glede av det. Eg må også få skryte av Annette og musikaliteten, ho har eit fantastisk musikalsk gehør.

– Kor lenge har Pink Six eksistert?

– Vi starta opp til påske i fjor, så det er eitt år. Det har gått fort. Før det kjende vi kvarandre litt, vi var begge musikarar som trefte kvarandre av og til på jobb.

– Så no blir det plate, skriv de eigne songar?

– Ja, vi har fem eigenskrivne songar. Og så sju coverlåtar. Vi har jobba kvar for oss, eg har tre som eg har laga tekst og melodi til, og Annette har to. I tillegg har Kyrre Stegane bidratt som delkomponist på ein av dei låtane.

– Korleis har de valt ut coverlåtane?

– Det er låter som vi likar, og det går mest i country, og så plukka vi med ein Springsteen-låta også. Elles går det i låtar som Jolene og Islands in the Stream.


– Kva språk syng de på?

– Eg skriv på norsk og Annette på engelsk. Så det blir litt blanding, vi set oss ikkje i bås!


– Korleis vil du beskrive musikken til Pink Six?

– Vi driv mykje med tostemt song. Og vi har fått skryt for vokalharmoniane våre. På plata er det litt forskjellige låtar. Dei eg har skrive er litt personlege. Men det trur eg nok gjeld for Annette sine låtar også. Coverlåtane består av musikk vi gjerne skulle ha laga sjølve.


– Blir det nokon sleppefest for den nye plata?

– Ja, vi legg ut på ein liten sleppeturné. Vi startar på Gloppen hotell onsdag 17. april og speler der, før vi kjem til Jibben i Måløy torsdag 18. april. Laurdag 20. april speler vi på Stadlandet i Furebuda.


– Og då får folk høyre songar frå den nye plata?

– Ja, då kjem alle låtane pluss ein del til!