Operasalen vert einaste konsertstad

Sigvart Dagsland (t.v.) og Bjørn Eidsvåg kjem til Operahuset i Eid 1. november. Pressefoto 

Kultur

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland besøker Nordfjordeid 1. november.

Operasalen på Nordfjordeid er einaste konsertstad i Sogn og Fjordane når to institusjonar innan norsk musikkliv slår seg saman og legg ut på ein omfattande haustturné saman.

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland har ei fartstid i bransjen på over 70 år til saman. Dei har begge opparbeidd seg unike posisjonar i norsk musikkliv og blir sett på som to av våre fremste artistar. No slår dei saman to omfangsrike låtkatalogar, og publikum kan dermed vente seg ei konsertoppleving for historiebøkene. Det er duka for ein stemningsfull, oppløftande og ikkje minst gåsehud-framkallande kveld, heiter det i pressemeldinga frå Operahuset Nordfjord.