Inviterer til ny festival for små og store

No er det igjen tid for Fjordlyfestival ved Fjordlys ungdomssenter. Dagen er søndag 28. april. På bildet skyt Pernille Sødermann og Mathilde Demring frå Nordfjordeid på blink under fjorårets festival. Arkivfoto 

Kultur

Søndag 28. april er det igjen festivaldag på Fjordly ungdomssenter.

– Det skjer mykje spanande, både ute og inne. Her kan du ri på hest, få ansiktsmåling, skyte med luftgevær, pil og boge eller kaste dart. Du kan padle ein tur i kano eller prøve nokre artige Energikampen-aktivitetar, seier dagleg leiar Marte-Iren Lade ved Fjordly ungdomssenter.

Det blir også kafé, pølsegrilling i grua ute og vaffelbod på Fjordly denne dagen.

Barnekoret Tusenfryd frå Skavøypoll, Davik barnekor, Sandane Soul Children og Måløy Soul Children opptrer på konsert midt på dagen.

– Kora vil synge kvar for seg i tillegg til å ha eit fellesnummer, og vi trur det blir ein variert og flott konsert. På konserten blir det kollekt. Inntektene frå festivalen blir delt likt mellom Fjordly og Okhaldhunga sjukehus i Nepal, der Normisjon har arbeidarar, seier Lade, og legg til:

– Fjordlyfestivalen passar for heile familien. Om du har vore på Fjordly før eller ikkje, så er du hjarteleg velkomen til ein innhaldsrik festivaldag!