Minister blir gudmor for vikingskipet

or nokre helger sidan var det stor dugnad med å olje det store Myklebustskipet. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande skal døype Myklebustskipet søndag.

Skipsdåpen av det 30 meter lange og 6,5 meter breie vikingskipet skjer søndag 28. april. I samband med dåpen blir det også avduking av drakehovudet og halen, følgd av den fyrste offisielle roturen på fjorden.

– Skipsdåpen er open for alle interesserte, med høve til å studere skipet på nært hald og sjå det på fjorden før det i dagane etter blir tatt inn i det nye Sagastad-bygget. Der vil Myklebustskipet vere hovudattraksjonen i opplevingssenteret Sagastad, men vil også i framtida kunne sjøsetjast ved spesielle høve, seier dagleg leiar ved Sagastad Solveig Midtbø.


 

Dei store norske skipsgravene frå vikingtida er unike i verdssamanheng. Det største skipet av dei alle, Myklebustskipet frå siste halvdel av 800-talet, er funne i ein gravhaug på garden Myklebust i Eid.

Snart 1.150 år etter at Kong Audbjørn vart gravlagd i det opphavlege Myklebustskipet, er skipet no bygd på nytt i full skala av båtbyggjarar frå Bjørkedalen. Før den offisielle skipsdåpen søndag skal skipet sjøsetjast i Eidsfjorden. Det skjer laurdag 27. april.