Opnar årets første utstilling

Simon Wågsholm stiller ut på Den Blå hesten frå laurdag 27. april. Foto: privat 

Kultur

Måløy Kunstlag opnar laurdag 27. april årets første utstilling. Den heiter «Album» av Simon Wågsholm frå Ålesund.

– No kan du bli med på ei annleis fotoalbum-mimring. Simon Wågsholm finn nemleg gamle og nye bilde frå støvete fotoalbum og ferske Instagram-oppdateringar, og målar dei i sine nydelege fargar. Resultatet er serien «Album» som består av ei rekke måleri basert på både enkle og fascinerande fotografi, seier Elise Årdal i styret i kunstlaget.

Ho ønskjer alle velkommen til utstillinga.

– Vi gler oss masse til å vise dette fram, seier ho.

Det er leiar i oppvekst- og kulturutvalet Olav Horn som opnar utstillinga på laurdag.