Gjer seg klare for den store opningsdagen

Sagastad-opning: Etter tre år med arbeid, nærmar det seg opning for Sagastad. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

Myklebustskipet er vel sjøsett og døypt. Og 10. mai opnar sjølve Sagastad på Nordfjordeid.

– Sjølve senteret tek også meir og meir form for kvar dag som går, og vi som jobbar på Sagastad er klare for innflytting. Vi gler oss stort til å dele alt det vi har arbeidd med, med publikum, seier Hanne Tomasgard ved Sagastad Kunnskapssenter.

10. og 11. mai er det klart for opningsfest.

Laurdag blir det snorklipping, og senteret er offisielt opna. På kvelden er det konsert med Einar Selvik.

– Dette blir ei magisk oppleving og det er noko vi absolutt anbefaler. Einar har skrive musikk for tv-serien Vikings og har vore med i nokre episodar der han syng og spelar, seier Tomasgard.

Søndag 11. mai er det familiedag. Drilljentene opptrer med vikingtema. Det blir konsert med Oselie, framsyning med Kjell Braaten og seremoni i sjøkanten i Sagaparken med Embla-kvinnene.

Seinare på kvelden vil Embla-kvinnene også arrangere eit fakkeltog for fred gjennom Eidsgata.