Gler seg til å få 420 koristar på besøk til songarstemnet

Måløy Songlag: I år er Måløy Songlag arrangør for songarstemnet, ni år sidan dei sist var det. Foto: privat  Foto: Privat

Kultur

Siste helga i mai blir måløygatene fylte av tonar og rytmar frå kring 420 koristar.

Då arrangerer nemleg Måløy Songlag nytt Sangerstevne, ni år etter at dei sist dei var vertskap for stemnet. Denne gongen deltek 18 kor, både frå nærområdet og meir langvegs frå, skriv songlaget i ei pressemelding.

– Med så mange songglade gjester i byen vår 24.-26. mai, vil det vise att i gatene. Vi nøyer oss nemleg ikkje berre med dei tradisjonelle, innandørskonsertane. Det blir også opptog i sentrum og Singers' Corner på Torget og i gatene laurdag føremiddag, seier dei.

Laurdag ettermiddag er det kyrkjekonsert, og så blir det profankonsert søndag.

Songlaget håpar på folkefest og at folk held av helga både til å nyte god korsong og kose seg i Måløy sentrum.

– Vi lovar god stemning, flott song og liv og røre for dei som tek turen til sentrum denne føremiddagen. Med så mange tilreisande koristar, blir det sikkert også ein ekstra kjekk handelsdag for kundar og butikkar i gata.