Vilde og Anna lagar sin eigen julekonsert

Syng jula inn: Vilde og Anna lagar eigen julekonsert. Foto: privat 

Kultur

Søndag 1. desember inviterer Vilde og Anna små og store til si eiga spesiallaga juleframsyning i Operahuset Nordfjord.

– I Julehjerte med Vilde og Anna har duoen fått med seg eit stjernelag av musikarar på scena, og saman vil dei leie publikum gjennom ei oppleving som garantert gjev den rette kjensla før jul, skriv arranørane i ei pressemelding.

Heile familien er inviterte til arrangementet, som passar både for store og små. På programmet står både eigne songar, og kjende og kjære julesongar.

– Bli med oss på ei musikalsk reise, frå den fyrste snøen lavar ned, gjennom den magiske førjulstida fram til sjølvaste julekvelden, inviterer Vilde Hjelle og Anna Naustdal, som gler seg til å skape julestemning i storstova heime på Nordfjordeid 1. desember.

Sidan Vilde og Anna slo gjennom med låta «Vestlandet» i MGPjr i 2016, har dei spelt konsertar over heile landet. Det skal dei halde fram med utover våren og sommaren. Før sommaren kjem Vilde og Anna med endå ein ny song, og når det lir mot vinter igjen, kan publikum gle seg til ein splitter ny julesong.