– Publikum har mykje å sjå fram til

Dragseidspelet har hatt si første øvingshelg, før spelet går av stabelen 8.-9. juni. Foto: privat 

Kultur

Dragseidspelet, som går føre seg 8.-9. juni, har gjennomført si første øvingshelg.

– Under kyndig og inspirerande leiing av regissør Jeff Pedersen, fekk dei 16 talerolleinnehavarane i løpet av dei tre dagane ei grundig og effektiv innføring og start på det som skal årets utgåve av Dragseidspelet. Om lag halvparten av aktørane er nye i rollene sine, og det gjev moglegheit og anledning til å fornye stykket og gje ei ny oppleving for publikum, seier Margit Fløde, som er leiar i Stadlandet ungdomslag.


Trur på tidenes Dragseidspel

Dragseidspelet På Sverdeggja er tilbake. 8. og 9. juni blir det sett opp for trettande gang. Og arbeidet med utandørsspelet er allereie i full gang.

 

Tredje dagen var resten av aktørane på plass. Med eit aldersspenn frå 5 til 75 år, vart dei inndelte i familiar frå Firda, Sygna, Raumdøla og Sunnmøra fylke , nokre i gruppa som messande prestar, andre som kongens hirdmenn.


 

– Høglydt skrål og skrik og store sverd, var ei skummel oppleving for dei minste – bergtakande for dei som fekk «På Sverdeggja» presentert på nært hald for første gong! Det å vere ein del av ei gruppe med unge, gamle, røynde og urøynde, amatørar og profesjonelle, og skape noko i lag, gjev ei god kjensle, som nettopp det å få vere i staben til Dragseidspelet, kan bidra til, seier Fløde.

– Og alt no er det klart: Publikum har mykje å sjå fram til!