Kjem med kunnskap frå West End og Broadway

Bethan Candice Bredesen har det overordna kunstnariske ansvaret for prosjektet samt koreografi. Arkivfoto 

Kultur

10. til 12. Mai vert det musikal Workshop på Operahuset Nordfjord i Eid, leia av verdsleiande kjende kurshaldarar med bakgrunn frå blant anna West End og Broadway.

– Dei over 90 deltakarane vil få ei kyndig innføring i blant anna song, vokalteknikk, koreografi og drama, med eit show siste dagen på hovudscena i Operahuset Nordfjord, opent for publikum med 15 musikalske nummer, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.

Deltakarane er i alderen 12 og oppover. Mesteparten er frå regionen, men der er og deltakara frå andre delar av landet.

Workshopen er del av eit nyleg etablert samarbeid mellom Eid Vidaregåande Skule, Eid Kulturskule, Brighton Institute for Contemporary Theatre Training (BRICTT) og The British and Irish Modern Music Institute (BIMM).

BIMM er ein leiande musikk- utdannings institusjon i Europa, og BRICTT er ein skule spissa in mot musikal-bransjen, kor profesjonelle bransjepersonar frå dei leiande miljø i England, som til dømes West End i London, er med i den daglege drifta og utviklinga av tilbodet på skulen.

– Det tette samarbeidet er unikt blant utdannings institusjonar, og gjev involverte elevar unike moglegheiter og innsyn i bransjen. Det høge nivået på kulturell infrastruktur i Eid har no gjort at bransjen frå England ønska å utforske ulike modellar for samarbeid, heiter det i meldinga.

Stjerneregissøren Sam Hiller som er kjent frå blant anna Les Misérables og Phantom of the Opera i West End, vil gje deltakarane ei grundig innføring scenekunst på toppnivå. Med seg på laget har han regissør og koreograf Lynn Jezzard.

Gjennom dette unike samarbeidet får ungdomar frå Vestlandet moglegheita til å få grundig rettleiing og inspirasjon frå verdsleiande aktørar, og for dei som ønskjer ei karriere i scenekunst vert det moglegheita for auditions til opptak på Bachelor programmet ved BRICTT.

Lokalt står Erlend Os frå Eid for den musikalske leiinga, medan Bethan Candice Bredesen har det overordna kunstnariske ansvaret for prosjektet samt koreografi.