No er den ferdig og klar til bruk:

Opnar dagsturhytta Sjøglytt i juni

2. juni opnar dagsturhytta i Selje offisielt. Bildet er teke i vinter då hytta framleis var under bygging.  

Kultur

Søndag 2. juni er det klart for opning av Selje si nye dagsturhytte som er kalla Sjøglytt og ligg på Risnakken.

På opningsdagen blir det snorklipping og tale ved ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Koret Frisk Bris skal underhalde med song, det blir høgtlesing ved bibliotekssjef Eli Elde Årevik og rebusløp og aktivitetar ved Barnas Turlag og Speidaren.

Sponsor Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere på plass og dele ut sjokolade og medaljar til alle barn som tek turen til Risnakken denne dagen.

Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, som hadde ideen, kommunane sjølve og Sparebanken Sogn og Fjordane. Hyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til banken.

Det skal totalt settast opp 26 hytter, ei i kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.