Både Hoem og Moldestad til festivalen

Sigrid Moldestad er blant gjestene. Foto: Ingrid Haugen 

Kultur

Musikk- og litteraturfestivalen Åram Pluss blir arrangert 23.-25- mai.

Torsdag er det festivalkafé ved grendalaget på Åram skule, kunstutstilling på Åram skule ved Vanylven kunstlag, samt konsert i Åram kyrkje – Vanylvsgapet – av Nils Økland.

Fredag startar også med festivalkafé og kunstutstilling på Åram skule før konsert i Åram kyrkje – Kreutzer-sonaten. Etterpå er det festivalkafé med musikk på Åram skule.

Laurdag startar med orgelresitasjon i Åram kyrkje – Brunhilde Engelhardt.

På Åram skule er det så festivalkafé, kunstutstilling, festivalbokhandel, bokmarknad og ope bibliotek. Edvard Hoem kjem for å signere bøker. Eit familiearrangement litt seinare har tittelen «Hva kommer nå?». Edvard Hoem og Jan Inge Sørbø held foredraget «Inger Hagerup – tradisjonalist og opprørar» Hoem skal også snakke om «Frå slåttekar i himmelen til jordmor på jorda», medan Marie Nedregotten Sørbø snakkar om «Jane Austen – ironi og idyll». Det blir poesisamtale med Ruth Lillegraven og Hilde Myklebust, og konsert med Sigrid Moldestad før Øystein Vidnes og Øyvind Vågnes held foredraget «Vestlandet og verda utanfor».