Havsalt sommar:

Inviterer til golf på naturgras

Etter ein sesong i dvale kan ein denne sesongen igjen spele golf på Vanylven golfpark, som har gjennomgått ei fornying. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Etter ein sesong i dvale kan ein denne sesongen igjen spele golf på Vanylven golfpark, som har gjennomgått ei fornying. Klubben har gått vekk frå kunstgrasgreenar, og kan no invitere til golf på naturgrasgreenar. Bana, som ligg på Eidså er ei 9-hòls golfbane med par 68. Golfbana med utsikt til Breiteigsfjella feirer også 20-årsjubileum i år. Ved sidan av å invitere til golf på naturgrasgreenar, så er det også gjort mykje anna vedlikehald på bana, mellom anna er alle grøfter reinska, alle utslag er retta opp. Det er gratis trening måndagar med utlån av utstyr. Då er det alltid nokon frå klubben som er til stades og kan bistå. Elles står det alltid eit golfsett ved klubbhuset, om ein vil prøve seg.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.