Havsalt sommar:

Opplev vikinghistoria

I vår segla ein tru kopi av Myklebustskipet på Eidsfjorden igjen, tusen år etter originalen. Foto: Svanhild Breidalen 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

I vår segla ein tru kopi av Myklebustskipet på Eidsfjorden igjen, tusen år etter originalen. Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor etter i Norge. Det har kome i skuggen av Gokstadskipet og Osebergskipet som vart funne intakte, men som ikkje var like store. Skipet fann ein i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggjarar frå Bjørkedalen har sidan 2016 jobba med å rekonsturere kongeskipet. Historia om skipet og den rike vikinghistoria frå Nordfjord kan ein lære meir om i vikingsenteret Sagastad, som opna dørene denne våren. Sagastad husar Myklebustskipet og ei rekkje utstillingar. Fram til 30. september held Sagastad ope dagleg.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.