Havsalt sommar:

Opplev vill og vakker natur

Ønskjer ein å oppleve vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, fossefall og fjell som strekker seg 1.761 meter over havet, er Nærøyfjorden verdt eit besøk. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Ønskjer ein å oppleve vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, fossefall og fjell som strekker seg 1.761 meter over havet, er Nærøyfjorden verdt eit besøk. Fjorden står på UNESCO si verdsarvliste og blir rekna som ein av dei mest dramatiske fjordane i verda. På sitt smalaste er den berre 250 meter brei. Fjorden er eit flott utgangspunkt for fleire toppturar, eller berre for å nyte naturen frå fjæra. Inst i den 17 kilometer lange fjorden finn ein Gudvangen, som er ei populær cruisehamn. Der kan ein mellom anna besøke vikinglandsbyen eller dei kvite grottene i fjellet.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.