Elias (15) skal styre senteret

Ungdomsveke: Når Elias Morken (t.h.) neste veke er vert og guide på Måløyraidsenteret blir det arrangert ungdomsveke, noko som betyr at senteret er ope heile veka. Morken er glad for moglegheita han har fått til å drive med interessa si, og styret i senteret, her ved Børge Vemmålsvik gler seg over initiativet. – Det er fint at ungdomen engasjerer. No byrjar dei som opplevde Måløyraidet å falle frå, så det er klart at om ikkje fleire byrjar å engasjere seg, så gløymer vi historia vår. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Kultur

Neste veke er det elev Elias Morken som helsar besøkande velkomen når Måløyraidsenteret held ungdomsveke.

– Eg interesserer meg veldig for historie, og spesielt krigshistorie. Når vi har ein så stor krigsattraksjon her, så er ein nærast forplikta til å ha noko med det å gjere. Å få sjansen til å gå rundt å fortelje folk om det og i tillegg vere den som informerer om det er veldig spesielt for meg, seier ungdomsskuleeleven som skal ha utplasseringa si på senteret.

For då 15-åringen skulle førebu seg til utplasseringsveke var han snar med å spørje senterleiinga om han kunne få vere på Måløyraidsenteret. Styret handsama saka, og bestemte seg for å seie ja til Morken, og samstundes nytte høvet til å lage ei ungdomsveke. I den komande veka vil difor Måløyraidsenteret vere ope kvar dag, og det er den krigsinteresserte ungdomsskuleeleven som skal vise dei besøkande rundt.

– Vi har nettopp hatt Måløyraidet som tema på skulen, og når utplasseringa kom rett i etterkant av det, så passar det utruleg godt. Det er veldig kjekt å få jobbe med noko ein likar godt, seier Morken, som har fått historieinteressa med seg heimanfrå.

– Pappa har alltid vore oppteken av at vi skal kunne litt av kvart, men det var særskilt historie og krigshistorie som har sett seg fast hos meg. Det har nok samanheng med at vi, etter at han hadde fortalt om historiske hendingar, gjekk ut i hagen og leika det vi nettopp hadde fått høyrt, fortel 15-åringen som kjem frå Almenningen i Vågsøy.

Morken peikar på at han har med seg enda ein fordel heimanfrå når han skal ta imot turistar på senteret.

– Eg er halvt amerikansk, så eg snakkar engelsk flytande. I tillegg har eg begynt å lære meg tysk, så den blir nok enda betre etter kvart, seier Morken, som håpar utplasseringa kan leie til noko meir.

– Eg syns dette er såpass kjekt at eg gjerne kan tenke meg å vere her elles også når eg har tid, seier han.

Styret i Måløyraidsenteret er svært godt fornøgde med at dei har fått med seg Morken som vert og guide på senteret.

– Det er utruleg fint at ungdomen engasjerer seg. No byrjar dei som opplevde Måløyraidet å falle frå, så det er klart at om ikkje fleire byrjar å engasjere seg, så gløymer vi historia vår, seier styremedlem Børge Vemmålsvik.

Han seier vidare at initiativet frå Morken er flott og noko Måløyraidsenteret ønskjer å ta vare på.

– Den styreavgjerda sat ikkje så veldig langt inne. Det er mange ungdomar som syns krigshistorie er interessant, og dei lærer om krigen gjennom film og tv-spel, og då er det fint at vi har ein ungdom her, som på deira språk, kan lære dei om kva som skjedde i nærområdet, seier Vemmålsvik.