Her får dei nye Draumeplassar

Barnas Turlag frå Selje og Stadlandet med maskotenTurbo (bak) og f.v. Rita Hatlenes, Monika Nygård, Trine Hove Venøy og Rebecca Hauge. Foto: Siri Kolseth 

Kultur

Dei fem vinnarane av årets runde av «Draumeplassen» er no kåra, og kan dermed byrje arbeidet med å skape ein lokal naturmøteplass.

Årets vinnarar er Askrova Bygdelag på Askrova, Dalen Grendalag i Bremanger, Fossekallen 4H i Oppstryn, Gaupa 4H i Innvik og Stadlandet IL/Barnas Turlag Stadlandet i Borgundvåg i Selje. Vinnarane får 100.000 kroner og prosjekthjelp til å byggje naturmøteplass.

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen som starta i 2015, og som framleis er støtta av Gjensidigestiftelsen. Det kom inn 17 søknadar til fylket i år, og fristen var 15. mai.


Her kjem det to nye Draumeplassar

Innbyggjarane på Bryggja og Stårheim kan no byrje å glede seg til å få ein Draumeplass i nær-naturen.

 

– Draumeplassen engasjerer til meir friluftsliv i nærnaturen for mange. Born og unge skal vere aktive i heile prosessen, og vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen, smiler Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

– Eg gler meg til å fylgje vinnarane frå livleg draum i starten, læring og meistring i byggjeprosessen framover – heilt til samling kring grua på ferdigbygd Draumeplass. Dette er feltbasar i nærmiljøet som blir spesielt viktige formidlingsarenaer i tida framover. Her styrkjer vi kunnskapen, haldningane, kulturen og viljen hjå oss alle – til å vakne skikkeleg opp, iverksetje berekraftig handling og ta meir vare på naturen ikring oss.

– Klima og natur heng i saman og alt er avhengig av kvarandre, i dette finurlege og skjøre puslespelet. Jamfør den nylege situasjonsrapporten frå naturpanelet hjå FN. Draumeplassen fremjer fokus på det vi vil ha meir av; det grøne skiftet, meir naturglede, friluftsliv, fysisk aktivitet og ei betre folkehelse. Alle søknadene vi fekk inn vitnar om at møteplassar i nærnaturen er godt i vinden.

Det er fjerde gongen 4H Sogn og Fjordane lyser ut Draumeplassen-konkurranse i fylket, der alle lokale lag og frivillige organisasjonar kan søkje.

– Eg vil takke Gjensidigestiftelsen hjarteleg for støtta som gjer dette mogleg, spesielt sidan stiftinga valte å støtte heile fire fylke med årets Draumeplassen-konkurranse, seier Roger Eide.

Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen var med i juryen som kåra dei fem vinnarane i Sogn og Fjordane. Ho er godt fornøgd med søknadane som kom inn frå lokale lag og frivillige organisasjonar i fylket.

– Gjensidigestiftelsen er opptatt av lågterskeltilbod som treff mange og som fremjar aktivitet og samhandling i lokalmiljøet. Vinnarane i årets runde har god spennvidd, frå tradisjonelle naturmøteplassar til utvikling av allereie eksisterande område med nye aktivitetar og fasilitetar. Alle vinnarane scorar høgt på dei kriteria vi har sett for konkurransen, både når det gjeld involvering av barn og unge, høve til læring om naturen og at plassane skal vere opne og tilgjengelege for alle, fortel Hjørdis Vik og held fram:

– Det er kjekt å sjå at det veks og blomstrar på Draumeplassane våre!