Arrangerer bygdedagar med motbakkeløp, artistar og aktivitetar

Kosterikjedagane i fjor: I år er dei klare igjen med nye Kosterikjedagar. I fjor opna mellom anna utlånssentralen BUA i Vanylven under dagane. Foto: Helle Frogner 

Kultur

7.–9. juni er det igjen Kosterikjedagar i Syvde.

Fredag blir det opning med Leonard Øvregård, Åsmund Arnesen Farstad og song med Kristin Storstein. På kvelden blir det konsert med Maria Haukås Mittet trio.

Laurdag er det moteshow, jungeldyr, Klovnen Klumse, trøbåtutleige i sentrum og song med Vanessa Løvold. På kvelden blir det dans i Syvde samfunnshus med Stine Nilsen & Livin West. Søndag blir det mellom anna bingo, og internasjonal song- og musikksoirée. Galleri Brødrene Vik held ope.

Syvde Idrettslag arrangerer også laurdag 8. juni Blåfelden Rett Opp for ellevte gong. Ein kan gå både klasse for turgåarar – mosjonistar utan tidtaking, eller konkurranseklasse.

Løypa startar ved den vidaregåande skulen i Syvde og går først på asfalt 1 km før det blir terreng. Første del er ein markert morenerygg med open bjørkeskog. Deretter er det 2 km med jamn og bratt stigning. Så følgjer 1,5 km med lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 moh. før området flatar ut i eit platå på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde.