Havsalt sommar:

Besøk øyperla

Om ein er på jakt etter ei bilfri naturperle av ei øy, treng ein ikkje leite lenge. Arkivfoto  Foto: Jo Carlson

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Om ein er på jakt etter ei bilfri naturperle av ei øy, treng ein ikkje leite lenge. Silda er ein populær utfartsstad for lokale og turistar.

Ein kjem seg dit med rutebåten Øyglimt eller ved hjelp av eigen båt. Ein populær serveringsstad på øya er Skjærbuda, som vil halde ope mellom fem og sju dagar i veka frå juli. Skjærbuda vil ha fleire arrangement utover sommaren, og tilbyr ein variert meny frå kjøkkenet.

I tillegg er det gjestehamn på Skjærbuda, med straum og vatn, samt dusj og vaskemaskin i grendehuset, den gamle skulen, som ligg i hamneområdet. Frå hovudkaia er det merka stiar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.