Havsalt sommar:

Inviterer inn i kystkulturen

Kystkultur er stikkordet for Knutholmen, som ligg i hjartet av Kalvåg. Arkivfoto: Siri Kolseth 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Kystkultur er stikkordet for Knutholmen, som ligg i hjartet av Kalvåg. Familiebedrifta legg alt til rette for fine opplevingar, og er kjende for sjømaten fanga rett utanfor døra. Dei har også ein butikk der dei mellom anna sel heimelaga sjokolade. I tillegg til det kulinariske, kan ein overnatte mellom sjarkfiskarar og sjøbuer i leilegheiter spreidd utover den vesle vågen. Om ein kjem sjøvegen har Knutholmen gjestebrygge med 3.500 gjestedøgn i året. Nytt sanitæranlegg for båtfolket stod klart til sist sommarsesong. Knutholmen har utleige av båtar, kajakkar, syklar og paddleboards.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.