Inviterer til konsert spekka med artistar under Seljecup

Line Dybedal er blant artistane som står på scena under «Lyden av Stad», som er konserten Stad 2020 set opp under Seljecup. Foto: Helle Fogner 

Kultur

På lag med Seljecup, tek Stad2020 eit avspark for det nye fellesskapet og inviterer til ein Bli kjend-konsert laurdag 15. juni i Selje med. Under konserten «Lyden av Stad» deltek Line Dybedal, Oselie, Odd Erik Lothe, Elektrolise og Jackbow. 

Konserten blir arrangert i Seljeparken, melder Stad 2020 i ei pressemelding.

–Kan vi få ein betre plass for utandørskonsert enn i vakre omgjevnader ved Seljesanden. Eg ser fram til ei kjekk cuphelg og det er stas å få vise fram nokre av dei dyktige artistane frå nye Stad kommune på denne konserten, seier Stein Robert Osdal, ordførar i Selje.

Seljecup blir arrangert for 25. år på rad og jubileet blir blant anna feira med denne konserten.


 

–Det er rekordmange lag som er påmeldte til Seljecup i år, med over 160 påmeldte lag. I tillegg er det 10-15 lag som ønska å melde seg på, men som det rett og slett ikkje er plass til, seier cupgeneral Atle Solheim.

Odd-Erik Lothe står på scena 15. juni.  Foto: Odd Inge Rand

Deltakarane i Seljecup er i alderen 6-17 år og det er klubbar frå heile Sogn og Fjordane, Sunnmøre og til og med ein klubb frå Hordaland. Seljecup startar fredag ettermiddag og går til søndag kveld, og det blir mykje som skjer på cupen i tillegg konserten laurdag.

Artistane som er med og lagar «Lyden av Stad» er Oselie, Line Dybedal, Odd Erik Lothe, Elektrolise og Jackbow.

– Det blir kjempestas å spele på «Lyden av Stad». Vi føler at vi set det litt på spissen, i og med at vi representerer Eid og Selje i ein duo, og vi er stolte av det!, seier Line Dybedal.

– Eg håpar mange tek turen til Selje denne dagen for å oppleve både Seljecup og Lyden av Stad. Vi er stolte over dei mange flotte artistane våre, og eg gler meg til å sjå så mange talent samla på same scene, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

– Konserten er gratis og open for alle. Innbyggjarar i Selje, Bryggja og Eid, cupdeltakarar og alle andre besøkande er velkomne til både cup og konsert i Selje laurdag 15. juni, heiter det i pressemeldinga.

Lokale artistar

Line Dybedal kjem frå Selje og har kom med eit nytt album i april, Tider, som har motteke strålande kritikk og Audiobalsam gav albumet karakteren 5/6. Låta La oss vere to ligg framleis til rotasjon på landsdekkande radio, og vinterlåta Mens dine tåre fell, var lista på NRK P1 i fleire veker. Line har også skrive og spelt inn soundtracket til barne-tv serien Bli med heim, som vart vist på NRK1 tidlegare i år, skriv Stad 2020 i pressemeldinga.

Elektrolise spelar på konserten. Foto: Helle Frogner 

Line har lenge hatt eit samarbeid med Odd Erik Lothe, og dei er eigentleg inspirasjonen til konserten «Lyden av Stad». Dei to fann saman allereie i 2012, lenge før diskusjonane om kommunesamanslåing starta, heiter det i pressemeldinga.

Odd Erik kjem frå Kjølsdalen i Eid og har skrive låtar i 28 år. Som frontfigur i Fabel var han med på seks album-utgjevingar mellom 1996 og 2007. Han har også utgjevingar med Green Granadas og Finn-Erix. I 2018 kom han med samlealbumet «Songar», som er hans tredje soloalbum. Lothe kom med albumet «Blå song» i 2012 og eit par år tidlegare kom radiosingelen «Stjerneklart», som blei liggjande på P1 si A-liste gjennom førjulstida og inn i det nye året.

Oselie står også på scena laurdag 15. juni. Pressefoto 

Oselie kjem frå Nordfjordeid og vann MGPjr i 2017. Sidan den gong har ho vore på ei rekkje konsertar og festivalar rundt om i heile landet, og stod blant anna på sjølvaste festivalscena Malakoff i 2018 framfor eit stappfullt publikum.

– Oselie er eit døme på kor bra det bli når Eid og Selje finn saman, med ei mor frå Stad og ein far frå Nordfjordeid. Oselie få æra av å opne konserten, heiter det i pressemeldinga.

Lise Kristin Kvenseth kjem frå Stadlandet. Musikken til Elektrolise er kanskje sjølve «lyden av Stad» som gjev assosiasjonar til lydane frå havet, vinden og naturen.

Jackbow spelar på konserten. Arkivfoto 

Jackbow er rockebandet frå Nordfjordeid. 2019 starta med at bandet sleppte sin tredje singel These Days. Dei fekk prisen for Årets Nykommar i Sogn og Fjordane under Blesfestivalen på Larris Scene i januar og spelte på NRK si Luttprisutdeling. I 2018 spelte dei også på Malakoff Rockfestival. Til hausten slepp dei debutalbumet sitt.

– Vi avsluttar konserten med heftige rockelåtar og ungdomsenergi frå gutane i Jackbow, heiter det i pressemeldinga frå Stad 2020.