Havsalt sommar:

Kort veg til storslått utsikt

2. juni opna dagsturhytta Sjøglytt i Selje. Foto: Maria Helgesen 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

2. juni opna dagsturhytta Sjøglytt i Selje. Hytta er plassert på toppen av den populære Risnakken – eit turmål i seg, eller utgangspunkt for fleire turar i området. Turen til Risnakken går i oppbygde trapper frå Skogavegen, og på toppen kan ein no nyte utsikta til sagaøya Selja, Stadlandet og havet, frå den flotte dagsturhytta. På hytta er det også eit nynorsk bibliotek. Frå Risnakken kan ein til dømes ta turen vidare til Klipet, Kvernhusdalen eller Tarvaldseggja.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.