Stakk av med sigeren

I år var det den yngste deltakaren som kapra den største fangsten under Måløy Havfiskefestival.
Kultur

Tobias Baltserzen(13) frå Båstad Havfiskeklubb i Akershus fekk størst fisk under norgescupen som har gått av stabelen i forbindelse med havfiskefestivalen denne helga. Vinnarfisken var ei lange på 7,38 kilo.

- Ein veit aldri kva ein får, og det er nettopp det som er så kjekt med å fiske, smiler den unge fiskaren og vinnaren. Laurdag var deltakarane og arrangørar samla for kåringar og prisutdelingar.

Til stades var også leiar i Norges Havfiskeforbund, Roar Sandvoll, som berre hadde gode ord å kome med om arrangementet. Vi er samla igjen, og vi har hatt gleda av å vere med på dette i seks år. Det fortener ein applaus! Det er heilt fantastisk frå alle kantar, og det er ei glede kvart år, sa han.