Havsalt sommar:

Besøk kunst- og kulturhuset

Kulturhuset Gamlebanken finn ein i Eidsgata på Nordfjordeid. Arkivfoto: Siri Kolseth   Foto: Siri Kolseth

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Kulturhuset Gamlebanken finn ein i Eidsgata på Nordfjordeid. Her plar det vere skiftande kunstutstillingar med kunstnarar som både kjem frå Nordfjord og frå andre delar av landet. Faste kunstnarar i Gamlebanken er mellom anna Finn Egil Eide, Tommy Bredesen, Ien Klaver, Åge Steinseth, Kjeld Stub, Alexander Stub, Roy Dahl og Ørnulf Opdahl. I tillegg til at Gamlebanken er kunstformidlar, husar huset også turistinformasjonen og Malakoff Rockfestival sitt festivalkontor der ein mellom anna får kjøpe rockestasj.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.