Havsalt sommar:

Byr på kunst, kaffi og kultur

Kulturhuset Heimen på Hauge i Bremanger held frå og med 22. juni ope kvar laurdag og søndag gjennom sommaren. Arkivfoto 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Reidun Øvrebotten og Kulturhuset Heimen i Bremanger byr i tillegg til dei faste utstillingane i huset på sommarutstilling med Ragnhild Søvik frå Ålesund, som stiller ut grafiske arbeid. Sesongen opnar 22. juni, og held ope laurdag og søndag fram til 4. august. Kulturhuset Heimen har elles dei faste utstillingane «Minne om Maria, ein hyllest til kystkvinna», Rylandspynten - brudekruna frå Ryland, og Aase Botnmark frå Botnane sine klassiske skulpturar. Miniatyrhusa frå Grotle kan ein sjå i Astorbua. Ein kan også sjå kortfilm om fråhaldsrøyrsla si historie knytt til kulturhuset. Kvar onsdag, laurdag og søndag er det ope i kafe Aletta. Ein kan ta kontakt om ein ønsker å besøke huset utanom faste tider.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.