Set stemninga med storkonsert

Gjensyn: Brørne Søraa deltok under fjorårets konsert i Sør-Vågsøy kirke under Elvisfestivalen, frå venstre Espen, Sverre og Isak. Dei framførte He Touched Me og Never Again. I år får brørne med seg både internasjonale, nasjonale og andre lokale artistar når 27 låtar skal framførast av elleve songarar. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Populær konsert: Festivalleiinga fortel at kyrkjekonserten har blitt ein svært populær programpost. Til saman 700 menneske var på dei to kyrkjekonsertane under fjorårets festival. 

Kultur

Med elleve internasjonale, nasjonale og lokale solistar er Elvisfestivalen klare til å presentere den største kyrkjekonserten i festivalen si historie.

– Det blir ein kjempekonsert. Det blir eit så å seie heilt nytt repertoar, der berre nokre få av låtane har blitt brukt tidlegare. Vi har 27 låtar på programmet, så det blir ein gedigen konsert, stadfestar festivalsjef Helge Hjelle.

Programmet for kyrkjekonserten, som har fått namnet «Where No One Stands Alone», inneheld 27 låtar formidla av elleve songarar. Desse er Bill Cherry, Ted Torres, Eddy Popescue, Tony Nilson, Morgan Vøien, Isak Søraa, Terje Våge, Camilla Silden, Randi Melheim og The Brothers. Det heile akkompagnert av orkesteret Sideshow Bob med korgruppe, samt «Elviskoret».

– Det blir igjen ei magisk oppleving i Sør-Vågsøy kyrkje, seier Hjelle om konserten som finn stad torsdag 8. august.

Leiinga legg opp til å selje ut billettane dei har lagt ut til konsert nummer ein, før dei startar salet til konsert nummer to.

– Vi satsar på to konsertar, for billettane går unna. Det kjem mykje folk utanfrå Måløy.

Hjelle sjølv har peika seg ut fleire høgdepunkt allereie.

– Låta som konserten har namn etter, Where No One Stands Alone, har eg stor tru på. Avslutningslåta blir som regel også alltid eit høgdepunkt, seier Hjelle, og legg til:

– På alle konsertar eg har arrangert har ein melodi gått att, og den kjem også til å vere med i år: How Great Thou Art er den Elvis-låta eg har spelt mest, og i år kjem den med ny vokalist.

Kyrkjekonserten har blitt ein svært populær del av festivalprogrammet, både for publikum, arrangørar og artistar.

– Det handlar om at vi har kvalitet i alle ledd. Vi har eit fantastisk orkester og gode songarar, der vi kombinerer internasjonale songarar med dei lokale. Den kombinasjonen trur eg er utruleg positiv, seier festivalsjefen.

Leiinga trur også kyrkjerommet i seg sjølv speler ei stor rolle.

– Det er faktisk ikkje så vanleg å bruke kyrkja på slike festivalar. For dei som ikkje går i festivalteltet er dette ei viktig og flott tilbod, seier Lars Kjølen.

Ifølge leiinga ligg mykje av kvaliteten også i eit godt lydanlegg, og i år vil arrangørane i enda større grad nytte seg av moglegheitene kyrkja har.

– I år vil vi køyre film på lerret under låtane, som handlar om det temaet det blir sunge om, fortel Kjølen, som saman med Hjelle lovar ein variert og god konsert:

– Det blir nye songarar, nye låtar og alt frå roleg gospel til full trøkk og raske låtar.