Kulturskulen avslutta året med stor konsert

Vågsøy kulturskule hadde fredag kveld konsert, Sommarklang, der elevane fekk vist fram talenta sine.
Kultur

Konserten, som fann stad på Vågsøy Ungdomsskule, markerte avslutninga på dette skuleåret for kulturskulen. På programmet var det mellom anna gitar- og pianospel, song, strykarar og korps. Det var også framsyning av det som kunstelevane har laga dette året.