Viser fram talenta i sommarshowet

Sommarklang: Bildet er frå då kulturskulen opptrådte under Heim i Haust i fjor haust. Foto: Benedikte Flataker 

Kultur

Fredag 14. juni arrangerer Vågsøy kulturskule Sommarklang på Vågsøy ungdomsskole.

– Det er gratis inngang og det blir framsyning av kunstlinja sine produksjonar, samt musikalske innslag frå alle musikkintrument som vi underviser i, seier rektor i Vågsøy kulturskule, Hildegunn Vederhus.

Det er også nyheiter å få med seg i år.

– Nytt i år er strykegruppa vår, og vi vil også få høyre kulturskulen si ungdomsssonggruppe som gjekk vidare til fylkesfinalen på UKM tidlegare i vår, seier Vederhus.

Ho håpar alle er klar for litt song, musikk og visuelle inntrykk fredag.

– Alle er velkomne! avsluttar ho.