Kjem ut med ny bok om diktarpresten

Boka om Claus Frimann kjem ut på Selja forlag. Pressefoto 

Kultur

Claus Frimann frå Nordfjord var ein av våre fremste diktarar på 1700- talet. Ei ny bok skildrar no livet hans.

– Gjennom diktinga si ynskte han å nå ut til folket for å gje dei kunnskap og opplevingar. Eg meiner han framleis er ein viktig diktar, seier forfattar Elin Pehrson Grytting

Ho har skrive boka om Frimann sitt liv og dikting: Claus Frimann. Diktarpresten frå Nordfjord.

Ei av dei mest kjende visene hans er «Ondt ofte lider den Fiskermand som ud maae fare før Hanen galer». På 1700-talet var det mange som ikkje kunne lese. Difor skreiv han på rim, slik at folk lettare skulle kunne hugse tekstane.

Lettare var det også når ein kunne synge dei til kjende melodiar. Han var svært populær i samtida, og kjende diktarar som Johann Sebastian Welhaven såg opp til han.

Claus Frimann (1746–1829) var presteson frå Selje i Nordfjord. I studietida i København var han med i Det Norske Selskab som dyrka ordet, diktinga, songen og samværet.

Han var ti år i Volda, før han i 1781 vart prest i Davik, der han vart verande livet ut.