Havsalt sommar:

Fordjup deg i helgenhistoria

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva.

Den irske kongedottera var, ­ifølgje legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Her vart ho gravlagt i ei steinrøys, men kroppen vart seinare funnen heilt intakt. Vernehelgenen for Vestlandet var eit faktum. Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte an­legga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot havet. I perioden 24. juni til 11. august går det to daglege turar med Klosterbåten som inkluderer guiding i helgenanlegget. Før denne perioden går klosterbåten ein dagleg tur på laur­dagar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.