– Einaste risikoen er vêret

Til helga er det Strandfestival i Refvik og 150 frivillige skal løfte i flokk for ein festival som veks seg større og større.

Til helga håpar dei Refvik stadion blir fylt opp av musikkglade folk som kjem for å kose seg – uansett ver! Eva Marie Pleym og Kent Rune Bugjerde gler seg veldig til å vise fram alle dei gode artistane, både internasjonale og lokale, dei har fått med seg til den tredje Strandfestivalen i Refvik. foto: Eva Westvik 

Kultur

Det er tredje året at dei cirka hundre fastbuande i Refvik gjennomfører det mange ville sagt var umogleg for ei så lita bygd: Å arrangere ein musikkfestival, som på kort tid har vakse seg stor. I fjor kom det 2.500 til Strandfestivalen i Refvik og DDE kom flygande innover festgjengen i helikopter og gjennomførte ein heidundrande konsert mens sola gjekk ned i havet!