– Ei sjeldan og mektig oppleving

Sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv fortel at alt er klart til årets Seljumannamesse.

I fjor var det biskop Halvor Nordhaug som stod for preiken under Seljumannamessa. I år har sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv si første «vanlege» messe, etter dronningbesøk i fjor. arkivfoto: jon frogner 

Kultur

– Det er ei sjeldan og mektig oppleving å feire gudsteneste i klosterruinane. Vi legg mykje ressursar i få til ei flott messe; i år med Oslo biskop Kari Veiteberg som predikant, messingensemble der fleire blåsarar er frå Måløy og eit samansett prosjektkor som gir lokale og tilreisande songarar og musikarar høve til eigarskap til messa.