Sette punktum for ei minnerik veke

Etter ni dagar med aktivitetar for unge og gamle vart det heile avslutta med song og moro i Korsen på Leikanger. Arrangørane fortel om svært godt oppmøte på dei mange aktivitetane trass i utfordringar med vêret undervegs.
Kultur

– Veka gjekk over all forventing sjølv om vêret ikkje var på topp, fortel Tone Drage, som er leiar for Sommaraktive Stadt, og legg til at arrangørane var forberedt på å måtte gjere om på nokre av programpostane.