Havsalt sommar:

Sjå den rosemåla kyrkja

Eid kyrkje er etter Selja rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Eid kyrkje er etter Selja rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord. Kyrkja er ei langkyrkje i tre som blei fullstendig restaurert i 1915 av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik. Han omgjorde kyrkjerommet til eit prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Kyrkja er kjend som den rosemåla kyrkja, og er rikt dekorert i tak, på vegger og på søylene. Den gjennomgjekk for nokre år sidan ei nyrestaurering, mellom anna i kortaket. Kyrkja er ope kvar dag frå 3. juni til 25. august. Dersom ein ønskjer omvising, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.