Spelte opp til enno ein suksess

Det blei rekordstort oppmøte og topp stemning då Strandfestivalen i Refvik gjekk av stabelen i helga.

Det britiske bandet Smokie spelte ein forrykande konsert laurdag kveld, og det var knapt nokon som ikkje song med då klassikaren «Living next door to Alice» runga ut over Refviksanden.  Foto: Eirik Gard Endal

Kultur

Den vesle bygda, som til vanleg husar om lag 100 innbyggjarar og er kjend for ei av landets vakraste strender, er i ferd med å få ein etablert musikkfestival.