Havsalt sommar:

Rammeverkstad med utstilling

Den tradisjonelle rammeverkstaden Galleri Brødrene Vik held til i Syvde, og har skiftande utstillingar.   Foto: Janne Weltzien Listhaug

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Den tradisjonelle rammeverkstaden Galleri Brødrene Vik held til i Syvde, og har skiftande utstillingar. I verkstaden kan ein få ramma inn bilde i tillegg til å sjå kunstutstillingar frå inn- og utland, lokaltog nasjonalt kjende. Galleriet er oppteke av lokal kunst, så dette er ofte å finne i galleriet. Familiebedrifta vart skipa i 1942 av Reidar Vik, og blir no drive av Birger Vik. Sommarutstillinga opnar til Kosterikjedagane, som går føre seg 7.–9. juni.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.