Komiteen går for fulle hus

– Vi håpar folk har tiltru til at vi som arrangørar veit å sørge for unike musikkopplevingar.

I år består Rockweekend-komiteen av sju personar. Dette er tre fleire enn i fjor, og i tillegg har arrangørgjengen fått med seg to ferske bidragsytarar. F.v.: Norvall Klungresæter, Hilde Hauge, Maria Igland, Nina Grotle og Andreas Runningen. I tillegg er Mary Jane Varpe og Roger Igland med i komiteen. Foto: Julianne Flølo 

Kultur

Det seier gjengen som arrangerer Bremanger Rockweekend. I år er dei dobbelt så mange som i fjor, og i tillegg til dei rutinerte er også Maria Igland og Andreas Runningen med for første gong.

– Det er veldig kjekt å få med seg yngre folk som ser ting litt annleis, smiler Hilde Hauge.

Ho fortel at dette også har hatt sitt å seie for korleis årets Rockweekend ser ut.

– Mellom anna er det jo takka vere desse at Daniel Kvammen står på scena på laurdag.

Medan Maria kjem frå Bremanger, er Andreas tilflyttar.

– Eg kjem frå Bø i Telemark, men har budd her i tre år. Det har vore veldig interessant og spennande å få vere med, smiler han.

Artist frå ønskelista

Komiteen trekk fram konserten med Mary Black søndag som eitt høgdepunkt komande helg.

– Det var fantastisk sist ho var her. Mary Black speler ein slags irsk folkpop-musikk og har med seg heilt vanvitig gode musikarar, fortel arrangørane.

Dei håpar å kunne fylle Bremangerhallen søndag.

– Sjølv om folk ikkje heilt veit kva dei går til håpar vi dei har tillit til at vi bookar gode artistar, påpeiker Nina Grotle.

Fredag står lokale SILO og Ole Børud på scena, og laurdag spelar A Whole Dusin Of Funk, i tillegg til Daniel Kvammen. Alle desse konsertane går føre seg på Havly, som har fått nye drivarar.

– Vi er spente på korleis det blir, men det går nok veldig bra. Vi er dessutan takksame for at nokon har tatt på seg å drive Havly. Det er viktig for bygda vår, påpeiker Hauge og Grotle.

Aktivitetar på dagtid

I tillegg til det musikalske ynskjer arrangørane at Rockweekend skal vere ei helg for heile familien.

– I år blir den tradisjonsrike regattaen på fredag. Det er Vetenløp og opning av dagsturhytte laurdag, så her vil vi sjølvsagt unngå krasj, seier Norvall Klungresæter.

I år som i fjor blir det også arrangert regatta mellom bygdene i Bremanger. Laurdag er det duka for marknad i Iglandsvik, med buer, ansiktsmåling og kanopadling. Arkivfoto 

 

Laurdag er det duka for «marknad», med boder, ansiktsmåling og kanopadling ved Iglandsvik.

– Vi vil skape eit sentrum kor det skjer noko, legg Hauge til.

Arrangørane er klare på at dei ønskjer å vere ein møteplass, og få folk heim igjen.

– Vi skal vere ein møtestad for bygdefolk, utflyttarar og folk elles til å treffast, forklarar Grotle.

– Vi er i rute og har vel kring 60 dugnadsfolk i sving. Vi gler oss til årets Rockweekend, smiler arrangørgjengen.